Nyheter

Vellukka blodsporprøve på Eid 17-18 juni

20 Jun, 2023

Kategorier:
img

Det var varmt og tørt i år, men EK-hundane klarte seg fint.

Alle dei påmeldte AK-hundane fekk plass, medan det vart trekking for å få gå EK-spor.

To hundar til 1. premie i åpn klasse laurdag.

Denne helga har 27 ekvipasjar delteke på avdelinga sin årlege todagars prøve i Heggjabygda. Av dei var det 8 spaniels laurdag og 6 spaniels søndag.Varmt og godt vær begge dagar. Som arrangør vurderte me forholda nøye for å legge til rette for hundane. Bruk av område vart justert for å tilpasse tilgang til vatn og terreng. Me fekk heldigvis litt regn på lørdag kveld etter at spor var lagt.
 
Stor takk til deltakarar, sporleggarar, dommarar og primus motor Hilde for to kjekke sporprøvedagar på Nordfjordeid. Og takk til Royal Canin for sponsing av forpremier og til Leikanger hund og Jaktia Stryn for sponsing av gavepremier.
 
Beste ekvipasje i EK på lørdag var Olav Aamot og Streamside's Jungle Master (Engelsk Springer spaniel) med 98 poeng.
Beste ekvipasje i EK på søndag var Siv Tvilde og Latroonis Krimoline (Basset Hound) med 100 poeng!
To ekvipasjer gjekk til 1. premie i AK på lørdag. Ingen på søndag.

Fire hundar kom igjennom EK-sporet søndag

For fleire bilder og fullstendig premieliste, sjå avdelinga si facebookside