Velkommen til avdeling Sogn og Fjordane
Hugs årsmøtet 6. februar på Teams
Alle medlemmer har fått innkalling med sakspapir og lenkje til teamsmøtet på epost.
Her finn du årsmeldinga for 2021
Over kan du sjå video over aktiviteten i avdelinga i 2020
NSK avdeling Sogn og Fjordane er ei geografisk stor og talmessig lita avdeling med stor og variert aktivitet. Avdelinga arrangerer prøver, treningar og sosiale- og faglege samlingar. Mange av hundane i avdelinga vår vert nytta til praktisk jakt- og ettersøk. Men den viktigaste oppgåva hundane vår har er nok som familiehundar og som turkameratar. Pelsstell og lydigheit er viktige ting å ha fokus på som spanieleigar, og du kan få hjelp til å lære deg korleis du kan gjere dette sjølv.
Alle større aktivitetar ligg i kalenderen på aktivitetar.
Mindre treningssamlingar/treff vert ofte “spontantreningar” med kort varsel/info. Desse vert annonsert på facebooksida vår.
Oppdateringar som har “kort” levetid, legg me ut på klubben si facebookside. Denne sida er ei open side, slik at du treng ikkje vera registrert på facebook for å følje med kva som skjer i avdelinga si fb-side. Trykk på knappen over for å komme til facebooksida vår-
Nyheter
Utstillinga 30. mai vart ein stor suksess
14 Jun, 2021
Utstillinga vart bestemt på kort varsel og det vart nokre skjær i sjøen undervegs - men den vart ein stor suksess.
Årets sporhund i avdelinga 2020
05 Feb, 2021
Her finn du intervju med førar Elin Anita Gjerde. Bonnie er den tredje hunden Elin har ført fram til championat og godkjent ettersøkshund og ho brukar hundane sine på praktisk ettersøk.
Årets to debutantar 2020
04 Feb, 2021
Me var så heldige at me i 2020 hadde fleire gode debutantar å velje mellom. Så mange nye har vore aktive med hundane sine at me valgte å kåre to debutantar i år.