Nyheter

Utstillinga 30. mai vart ein stor suksess

14 Jun, 2021

Kategorier:
img

Trismatos Dancing Queen

Utstillinga vart bestemt på kort varsel og det vart nokre skjær i sjøen undervegs - men den vart ein stor suksess.

Me i styret såg for oss ei lita lokal utstilling ved hjelp av lokale krefter slik at medlemmer i klubben fekk høve til å få hunden sin eksteriørbedømt, men det enda med tilreisande dommar og heilev 48 hundar påmeldt!

Det vart knallvær, me fekk super hjelp av Sunnfjord hundeklubb, me var på eit supert område midt i Førde, det var kjempestemning rundt ringen og mange frå avdelinga stilte ut hundane sine. Det kunne knapt bli bedre!

Her finn du bilder frå utstillinga.

BIS vart engelsk springer spaniel Townger Don't Tell Me Your Secret som for tida bur i Luster. Han vart vist av Elin Anita Gjerde. Dommar var Leif Herman Wilberg.

Cocker-Cert-tispe gjekk til Trismatos Dancing Queen til Hilde Hofslundsengen, Sogndal.