Nyheter

Medlemsundersøkinga desember 2023

31 Dec, 2023

Kategorier:
img

Medlemsundersøkinga i NSK avd. Sogn og Fjordane desember 2023

10 medlemmer av totalt 58 tok seg til til å svare på spørjeundersøkinga som vart sendt ut på epost til alle medlemmer i avdelinga. Det er ein litt skuffande svarprosent, men det betyr berre at de ikkje ynskjer å påvirka kva aktiviteter me prøver å få til i avdelinga. Ekstra kjekt er det at nokre nye medlemmer har svart på spørjeundersøkinga og deira svar er ekstra viktig.

Svara til dei 10 som svarte fordeler seg slik:

Kvar bur du?
5 i Sogn, 4 i Nordfjord og 1 i Sunnfjord.

Kva rase har du?
8 har engelsk springer, 1 har cocker, 1 har welsh springer, 1 har amerikansk cocker (nokon har to rasar). Så kjekt med så stor variasjon i rasar!

Kva hundeaktivitet driv du på med i dag eller kan tenke deg å drive på med framover?
8 på blodspor/ettersøk/hjortejakt, 5 på utstilling, 5 på rallylydigheit, 4 på tradisjonell spanieljakt/jaktprøve, 4 på lydigheit, 4 på brukshundprøve , 3 på anna aktivitet, 2 på oppdrett, 1 på smeller.

Dersom avdelinga skal prøve å arrangere kurs, kva kurs kunne du tenkje deg å vera med på?
3 på spanieljakt, 2 på blodspor, 2 på bruks, 2 på pelsstellkurs ,1 på smeller, 1 på rally, 1 på lydigheit,

Treng du hjelp med, meir informasjon om og/eller kurs i pelsstell?
4 klarer dette fint sjølv, 6 vil ha meir informasjon om pelsstell, hjelp til pelsstell og/eller kurs i pelsstell.

Har du tilgang ein stad der me kan trene lydigheit, jakt eller spor ute?
4 har områder som kan brukast, i alle fall i enkelte deler av barmarksesongen.

Har du tilgang ein stad der me kan ha pelsstellkurs eller trene litt lydigheit inne?
Berre ein har svart at vedkommande har eit lite lokale som kan brukast, men som ikkje er det beste lokalet.

Avdelinga skal ha årsmøte på Skei 11 februar. På årsmøta våre har me eit fagtema. Dersom du kjem på årsmøtet, har du forslag til kva fagtema me skal ha?
Tre har svart og svara fordeler seg på klipping, korleis lære å gå spor, blodspor, tips til aktivisering og jakt med spaniel.

Me kan få til eit mini-trimmekurs i samband med årsmøtet. Er det av interesse? Kan du tenke deg å få hjelp til DIN hund?
5 har svart ja her, 1 har svart nei.

Har du andre ting på hjartet som du gjerne vil dele med oss i styret?
2 har svart. Stå på! Dere gjør en kjempejobb. Mange flinke, positive folk i avdelinga vår.