Nyheter

Årets sporhund i avdelinga 2020

05 Feb, 2021

Kategorier:
img

Fjordgløtt Bonnie

Her finn du intervju med førar Elin Anita Gjerde. Bonnie er den tredje hunden Elin har ført fram til championat og godkjent ettersøkshund og ho brukar hundane sine på praktisk ettersøk.

2020 Årets sporhund i avdeling Sogn og Fjordane
N VCH N V(F)CH RL1 RLII Fjordgløtt Bonnie
med førar Elin Anita Gjerde

Bonnie hadde same poengsum som årets sporhund på landsbasis i spanielklubben, men vart slått på målstreken då oppnådde poeng vart lagt saman så då kom ho på ein delt 4. plass – noko som er svært bra!

Kor lenge har du trent spaniels?
Sidan 1997 då eg fekk min første springer. Då var eg 13 år og eg trente spor og lydigheit. Bonnie er min tredje spaniel og eg har oppdretta ho sjølv.

Kor lang tid tok det frå du starta å trene til du følte deg startklar i lågaste klasse?
Bonnie var eit år gamal då me starta på blodsporprøve og me debuterte med ein 3. premie. På neste prøve fekk med 0, men så gjekk det betre og me fekk 1. premie med HP.

Kor ofte trener du?
Når hunden er ung trener eg meir, så eg trente Bonnie meir då ho var yngre. Bonnie vart 10 år i 2020 så ho har bra med erfaring no og i dei periodane eg går mange konkurransar så trener eg lite. Men om våren trener eg ein del før første starten.
 
Har du gjort noe undervegs i treninga av din hund som ikkje var så lurt/som andre bør unngå å gjera dersom dei kan unngå det?
Ja – eg stolte ikkje på henne og hadde ikkje tru på henne. Eg konkurrerte mykje med mor hennar Tingeling og ho var så sikker på spor. Det var mykje vanskelegare å gå med Bonnie som i starten var uerfaren, ung hund.

Møtte du veggen undervegs og kva gjorde du i så fall for å løyse problema/a?
Det var ein periode me sleit med at ho heller ville jakta fugl enn å gå blodspor. Det var nokså frustrerande og førte til at eg og ho var litt på kollisjonskurs når me gjekk spor.  

Kva er det viktigaste å starte å trene på dersom du vil oppnå resultat i den greina du/din hund har konkurrert i? Kva er suksessfaktorane?
Start gjerne med menneskespor og få hunden til å bli spornøye og til å gå med lav nase. Hunden må erfare at det lønner seg å gå slik. Varier lengda på spora og tren på ulike moment, men ikkje start for tidleg med veldig vanskelege spor.

Har du ein instruktør som har inspirert deg spesielt?
Inger Handegård har hjelpt meg mykje med spor.

Har du gått eit kurs som har gitt deg mykje og som du vil anbefale andre?
Eg har berre gått med Inger som instruktør, og det har fungert bra.

Har du forslag til god litteratur?
Boka Gå spor til Inger og artikkelen eg og Inger har skrive om spor. Den finn du ein anna stad på heimesida vår :-)