Nyheter

Årets junior 2020

03 Feb, 2021

Kategorier:
img

Nina Hartvigsen

Me er glade over å ha ein aktiv junior i avdelinga att. Her kan du lese om kva vinnaren Nina med hunden Karma driv på med.

Årets junior 2020

Nina Hartvigsen med Karma

Nina er ung, det samme er Karma eller Mi-Mio`s Akoya Pearl som ho heiter på stamtavla. Karma bur i Stryn og vart sommaren 2020 godkjent ettersøkshund med både med Nina og pappa Edvard som førar. Då var ho berre 1,5 år gammal. Ho vart ikkje berre godkjent for ettersøk med to førarar, dei to startane på blodspor ho har hatt resulterte i 2 x. 1. premie og ein av 1. premiane er på ordinær prøve. Nina og Karma var også med på innføringskurset i småviltjakt som avdelinga hadde i vår.

“Karma er ein glad og livleg hund som er lærevillig og til tider ein villstyring med mykje energi. I tillegg til å trene spor trener dei også litt anna som apport. Nina og Karma var med på onlinekonkurransen i apport som avdelinga hadde og gjorde det bra også der. 

Nina har teke jegerprøva og vore med på hjortejakt. Interessa for ettersøkshund vart inspirert av ei hending på ei av dei første jakthelgene hennar, då eine ettersøkshunden på jaktlaget fann ein kalv som sto kilt fast i ei ur, og sjølv tre menn fekk han ikkje laus. Hadde ikkje hunden spora han opp hadde kalven lidd, og han hadde nok svelte i hel.

Med seg på laget har Nina mange gode støttespelarar. Me var har på eit “minikurs” hos Inger Handegård i Sogn i oppstarten av treninga. Dette var lærerikt og gav oss ein kickstart til trening av spor. Vi får fortsatt gode råd frå Inger når vi står fast på noko. Pappa Edvard har vore med å legge og trene spor. Sissel Ytre-eide har vore hjelpsam med å lære oss den meir generelle kvardagslydigheita til Karma. Ho er også primus motor for hundetreff ein gong i veka på Skogstjerna i Stryn der ein trenar både lydigheit, sosialisering og innkalling.

Karma har alltid vore veldig ivrig på å trene spor. Når ho ser at sekken med utstyret kjem fram klarar ho nesten ikkje vente med å komme seg av garde. Det er veldig fascinerande å sjå korleis Karma jobbar i sporet og kor nøyaktig det kan bli. Og samtidig funderer vi på kva som går gale dei gongane ho kjem på villspor, og korleis vi kan motvirke dette.

Ei utfordring har vore at ho dreg mykje når det blir trena ferskspor. I nedoverbakker ligg føraren nesten langflat på rygg bakom for å bremse farta. Vi trenar på å halde eit meir overkommeleg tempo, og der er også eit håp om at ho vil ta seg betre tid og bli litt rolegare på spora med alderen.

Første jakthelga hausten 2020 starta med eit uhell. Karma er som sagt veldig ivrig og har ikkje alltid tid til å bruke alle trinna når ho skal ned trapper. Ein luftig tur ned trappa heime endte i eit brote bein i eine poten, så jakta måtte leggast på hylla ei stund. Det vart ein tur igjen heilt på slutten av sesongen, men me fekk ikkje testa ettersøkskunnskapane hennar dette året.

Målet for 2021 er å halde ved like det vi trener på innanfor spor. Vi prøver å gå spor minst ein gong i veka. Det hadde også vore kjekt å få vore med på fleire kurs, det er alltid inspirerande og lærerikt. Ellers håpar vi på ein fin vår og sommar med mange fine turar i fjellet og ein god jaktsesong.

Helsing Nina og Edvard