Om avdelingen

NSK avdeling  Sogn og Fjordane er ei geografisk stor og talmessig lita avdeling med stor og variert aktivitet. Avdelinga arrangerer prøver, treningar og sosiale- og faglege samlingar. Mange av hundane i avdelinga vår vert nytta til praktisk jakt- og ettersøk. Men den viktigaste oppgåva hundane vår har er nok som familiehundar og som turkameratar. Pelsstell og lydigheit er viktige ting å ha fokus på som spanieleigar, og du kan få hjelp til å lære deg korleis du kan gjere dette sjølv.

Korleis bli medlem?
Det enklaste er å gå inn på www.nkk.no og velje bli medlem der. Då kan du melde deg inn og betale medlemsskapet samme dag ved å bruka eit bankkort. Velg Norsk Spaniel Klub og avdeling Sogn og Fjordane.

Kvifor bli medlem?
Som medlem får du innbyding til alle dei aktivitetane me har i avdelinga, og du får dei gratis eller til medlemspris. Desto fleire aktive medlemmer me har i fylket, desto større aktivitet skal me klare å få til!  Som medlem får du medlemsbladet Våre Spaniels fire gonger i året og du får medlemsbladet til Norsk Kennel Klub (NKK). Du får delta på prøver og utstilling til redusert pris og får redusert pris på mange andre tilbod frå NKK. For å kunne tilby spanielaktivitetar her i fylket er me avhengig av medlemmer. Utan medlemmer og utan aktive medlemmer, får me ikkje til noko tilbod.

Korleis komme i kontakt med styret i avdelinga?
Send ein mail til
Avdelinga har eit styre beståande av tre personar + vara.

Har du behov for å kontakte styret raskt, kan du ringe til leiar
Laila Røneid, Årdal på mobil 95 27 71 45

Nestleiar er Hilde Rotihaug, Nordfjordeid
Styremedlem er Inger Handegård, Luster
Vara til styret er Torhild Ulvesæter, Sandane

Kasserer og jaktkontakt er Per Ståle Vågene, Florø

Avdelinga sin bankkonto er: 3785.60.25692
OBS: Denne kontoen skal IKKJE brukast til å betale medlemsavgifta!

Møter, samlingar, prøvar og kurs
Sjå under aktivitetar

Pelsstell

Me arrangerer samlingar og kurs og har ståande tilbod om kvardagsstell av alle rasane og utstillingsklipp av engelsk springer spaniel. Pris kr. 300.- pr. brukte time. Kontakt Inger på mobil 918 35 324 for meir informasjon eller send styret eit mail.

Spaniels treng regelmessig stell. Det beste for både hund og di eiga lommebok, er at du lærer det grunnleggande sjølv. Hjelp til sjølvhjelp finn du i ein biletserien som ligg på spanielklubbens facebookside. Biletserien får stadig nye bilete.

Her kan du sjå videoar som visar pelsstell

 

Uhøgtidleg avdelingskonkurranse
For å vera med på denne konkurransen med må du sjølv senda inn resultata på hunden din til avdelingsstyret innan 31. desember kvart år. Me brukar statuttane for årets brukshund + eigne poeng for kvalitetsbedømming (opp til CACIB) for å rekna ut vinnar. For årets debutant og årets junior vil også engasjement i avdelinga vera teljande! Dersom du ynskjer å vera med på konkurransen om årets mestvinnande i klubben sentralt, må du, når det gjeld brukshundar, sende prøveresultata dine på fastsett skjema til den adressa som klubben som klubber ber om, innan 31. desember.

 

Årets mestvinnande hund i avdelinga:

2016: NUCH NVCH NRLCH BH Desperados Aya til Inger Handegård, Gaupne
2015: NVCH NRLH BH Desperados Xmilla til Inger Handegård
2014: NUCH NVCH BH Desperados Aya til Inger Handegård, Gaupne
2013: NSVCH BH Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde, Leikanger
2012: NUCH NVCH Desperados Aya til Inger Handegård, Gaupne
2011: NORDVCH Desperados Rochelle til Inger Handegård, Gaupne
2010: NORDVCH Desperados Rochelle til Inger Handegård, Gaupne
2009: NORDVCH Desperados Rochelle til Inger Handegård, Gaupne
2008: NVCH Desperados Titicaca til Gunnar Kvammen, Vassenden
2007: NSVCH Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde, Leikanger
2006: NSVCH Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde, Leikanger
2005: NSVCH Zelini Easy Rider til Ellen og Torstein Solset, Førde
2004: NSVCH Desperados Qandis til Inger Handegård, Gaupne
2003: NUCH Kanutten’s Molly til Leif Lunde, Askvoll
2002: NUCH NVCH Desperados Odessa til Inger Handegård, Gaupne
2001: NSVCH Zelini Easy Rider til Ellen og Torstein Solset, Førde
2000: NVCH NMB-00 Desperados Nigella til Steinar Ytreland, Florø
1999: Picabo’s White Meadow til Trude Tangenes Os, Nordfjordeid
1998: NUCH NVCH Desperados Jivaro til Inger Handegård, Gaupne
1997: NVCH Desperados Iza til Torill og Andreas Otterhjell, Fortun
1996: NVCH Desperados Inka til Eva U. og Neil Maclean, Kyrkjebø og NVCH Desperados Iza til Torill og Andreas Otterhjell, Fortun
1995: NUCH NVCH Revirets Nellie of Grace Field til Handegård/Otterhjell, Fortun
1994: NUCH NVCH Desperados Freska til Inger Handegård og Sjur Haugen, Gaupne

 

Årets junior i avdelinga:

2012-2016 – ingen juniorar med resultat
2011: Håvard Heimtun, Svelgen
2010: Håvard Heimtun, Svelgen
2009: Håvard Heimtun, Svelgen
2008: Håvard Heimtun, Svelgen og Vegill Rebni Kjer, Luster
2007: Reidun Kvammen, Vassenden
2006: Vegill Rebni Kjer, Luster
2005: Mari Ese, Jostedal
2004: Ikkje utdelt
2003: Gisle Haugen, Gaupne

Årets debutant (eigar/førar) i avdelinga:

2016: Hermund Farnes, Balestrand med Desperados Golddigger, Renate Skophamar og Morten Norheim, Hafslo med Desperados Golden Gun, Frode Skeide, Sande i Sunnfjord med Joyfull Life Aspiring Aladdin, Aksel Myklebust, Nordfjordeid med Lykkehunden Ballint og Tone Stien, Førde med Ometyst’s Jet.
2015: Centennial’s Dalmore Jubilee til Bodvar Årskog, Lote. Hederspris: Tor Egedahl med Theo – NM-vinnar narkotikahund
2014: Zelfa’s Arn til Kjetil Haug, Årdalstangen og Desperados Dolce Vita til Linn Didriksen Solsvik, Lærdal
2013: Fjordgløtts Birk til Hilde Rotihaug, Nordfjordeid og Fjordgløtts Belezza til Sissel Ytre‐Eide, Stryn
2012: Fjordgløtt’s Balder til Per Ståle Vågene, Florø
2011: Fieldfase Fiddlers Brook (field) til Birger Solheim, Florø
2010: Familien Ørbeck-Moe, Lærdal
2009: Laila og Lars Gunnar Røneid, Årdalstangen
2008: Martin Gjøringbø, Florø
2007: Leif Magne Aarnes, Jølster
2006: Familien Brugrand, Lærdal
2005: Familien Kvammen, Vassenden
2004: Vigdis Vigdal, Jostedal
2003: Per og Åse Danielsen, Nordfjordeid